No har eg endeleg fått starta. Netttilgang har eg og fått igjen. Eg strever veldig med å få til link til Kreativ Hobby. I tillegg vart eg litt skuffa istad, for eg lurer på om stemplet ikkje er frå Kreativ hobby likevel, finn det ikkje i butikken.
Eg er som så mange, bitt av hobbybasillen. Så lenge eg kan laga noko, så er det artig. Å laga kort har eg berre drive med i nokre få år, og er framleis like fascinert. Kjenner meg som nybyrjar enno. I år skal eg laga 20 julekort, minst, har som regel vore lite av det. Det var ei spanande utfordring av Kreativ Hobby.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar