Då har eg oppretta blogg og er klar for julekortutfordring. Det gler eg meg til. Held på med å flytte inn i nytt hobbyrom for tida. Så innan ikkje altfor lang tid kan eg ta til å lage julekort.
Eg er som så mange, bitt av hobbybasillen. Så lenge eg kan laga noko, så er det artig. Å laga kort har eg berre drive med i nokre få år, og er framleis like fascinert. Kjenner meg som nybyrjar enno. I år skal eg laga 20 julekort, minst, har som regel vore lite av det. Det var ei spanande utfordring av Kreativ Hobby.
1 kommentar:
Endeleg fekk du deg ein blogg du og:-) Så da er det berre til å setje i gang med julekorta.
Legg inn en kommentar